Foredragshaldarar 2016

Thorbjørn Jagland

Thorbjørn Jagland

Europa i endring

Tre kriser på ein gong forandrar Europa: flyktningkrisa, den økonomiske krisa, og konflikten i Ukraina har skapt ny spenning. Det store spørsmålet er: Kan det grenselause Europa med ein felles marknad og med same skyldnader for menneskerettigheiter reddast?

Thorbjørn Jagland er generalsekretær i Europarådet og kjem på Høstseminaret for å gi oss eit innblikk i om ein kan bruke samfunnsansvar til å halde fred i Europa.

Sigurd Bjørnestad og Nina Selbo Torset

Sigurd Bjørnestad og Nina Selbo Torset

Panama Papers – slik arbeidde vi med tidenes største graveprosjekt

Seinsommaren 2015 reiste Aftenposten-journalistane Sigurd Bjørnestad og Nina Selbo Torset til eit hemmeleg møte i München saman med gravejournalistar frå heile verda. Dette møtet markerte starten på verdas største journalistiske gravedugnad: arbeidet med dokumentlekkasjen Panama Papers.

Torset og Bjørnestad kjem til Høstseminaret for å fortelje om korleis systematisk graving i 11,5 millionar dokument frå Panama har vorte til avslørande journalistikk her heime. Dei vil også diskutere kommunikasjonsarbeidarens rolle i tilsvarsarbeidet, og korleis openheitskulturen i det private næringslivet, samt korleis gravejournalistane kommuniserte internt og handterte fleire terabyte med datamateriale på ein sikker måte.

Fredrik Engelstad

Fredrik Engelstad

Kommunikasjon – strategi, samfunnsansvar, profesjonsetikk

Samfunnsansvar er for alvor på vei inn i politiske debattar. Her har kommunikasjonsarbeid ei viktig rolle på fleire plan, meiner sosiologiprofessor ved UIO, Fredrik Engelstad.

Det er det profesjonsetiske, som teiknar opp overordna verdiar og normer for arbeidet. På eit anna plan handlar det om verksemder sitt samfunnsansvar for verknadar utad (miljø, levekår for svake grupper o.a.) og korleis desse blir gjort forståelege i ålmenta. Eit tredje plan er korleis samfunnsansvar blir fortolka og kommunisert internt i verksemder. På alle disse nivåa støyter kommunikasjonsarbeidarar på dilemma som må bli tekne opp til refleksjon og diskusjon.

 

Kadafi Zaman

Kadafi Zaman

Dagens journalistiske og etiske utfordringar

Dekning av terror og ekstremisme er ein viktig del av kvardagen til norske medium. Dette er krevjande arbeid som kombinerer metode, databasejobbing og avansert teknologi med godt, gammaldags kjeldearbeid og samtalar.

Kadafi Zaman har arbeidd som nyheitsreporter i TV2 i ti år. Han har dekt både nasjonale og internasjonale nyheiter med eit spesielt fokus på krim, terror og innvandring. På Høstseminaret vil han dele sine erfaringar om kva slags journalistiske og etiske utfordringar redaksjonane står overfor.

 

Ingeborg Grimsmo

Ingeborg Grimsmo

Handtering av kommunikasjon i ein ny situasjon

I 2015 skapte den store flyktningstraumen avisoverskrifter over heile Europa. Over 30 000 asylsøkjarar kom til Noreg, og Utlendingsdirektoratet (UDI) måtte i ein periode skaffe tak over hovudet til 300-400 nye kvar natt.

Ingeborg Grimsmo har vore kommunikasjonsdirektør i UDI sidan 2011 og kjem på Høstseminaret for å gi oss eit innblikk i UDI sitt arbeid med straumen av asylsøkjarar. Ho vil både dele Utlendingsdirektoratet sine utfordringar og fortelje korleis dei handterte kommunikasjonen eksternt og internt i ein situasjon dei aldri har opplevd maken til.

Preben Carlsen

Preben Carlsen

Engasjerande kommunikasjon – ei løysing på dagens samfunnsutfordringar?

Preben Carlsen trur engasjerande kommunikasjon kan gjere verda til ein litt betre stad, og han brenn for grensesprengjande kommunikasjon. Carlsen meiner næringslivet vil spele den viktigaste rolla i arbeidet med å finne løysingar på dei verkeleg store samfunnsutfordringane i tida framover, og han meiner kommunikasjon har ei nøkkelrolle i å drive dette arbeidet framover.

Carlsen er grunnleggjar av Trigger og arbeider i dag som konsernsjef og styreleiar med ansvar for fag- og forretningsutvikling, men han har organisert Trigger så flatt at han slepp å bruke mykje tid på leiing. På Høstseminaret vil han presentere ei rekkje spennande døme som viser korleis selskap dei har arbeidd med, har følgt denne strategien og fått godt betalt i form av omdømekapital og merkevarestyrke.

Ole Erik Almlid

Ole Erik Almlid

Eit arbeidsliv i fundamental endring

I dag står arbeidslivet ovanfor store teknologiske endringar, og kvar tredje norske arbeidsplass kan vere erstatta av ny teknologi innan tjue år. Dette meiner NHO gir enorme sjansar for verdiskaping.

Ole Erik Almlid er viseadministrerande direktør i NHO og kjem på Høstseminaret for å gi oss eit innblikk i korleis NHO tenkjer rundt dette. Han vil fortelje om korleis ein framover må arbeide med nye inntekter, og om korleis NHO ser på ny teknologi som utfordrar eksisterande medlemmer. 

Siv Meisingseth

Siv Meisingseth

I jungelen av mange bodskap - korleis få di stemme høyrd?

I Noreg eksisterer det ei rekkje organisasjonar som ønsker å fortelje om det gode arbeidet som blir lagt ned.  Samstundes blir media stadig meir kvisa på tid og resursar. Bistandsorganisasjonen Plan International Norge arbeidar kontinuerleg med å få sine stemmer høyrt.

Siv Meisingseth har arbeidd som kommunikasjonssjef i Plan sidan 2014 og har mangeårig kommunikasjonserfaring frå NRK, SAS og Noregs Bank. På Høstseminaret vil ho ta oss med bak kulissane og fortelje korleis Plan si kommunikasjonsavdeling arbeider for å få sine saker gjennom tradisjonelle og sosiale medium. 


Jørgen Randers

Jørgen Randers

Korleis kan kommunikasjon bidra til å skape ei betre verd i 2052?

Boka 2052: A Global Forecast for the Next Forty Years er ein prognose for kva som faktisk kjem til å skje fram mot 2052 dersom verdssamfunnet ikkje går til ekstraordinære tiltak. Jørgen Randers er professor og tidlegare rektor ved Handelshøyskolen BI.  Randers har vore djupt engasjert i miljøspørsmål og har forska på klima- og energiproblematikk i nesten førti år.

På Høstseminaret vil Randers vise at den sentrale utfordringa i dag er å forstå kva samfunnsansvar veljarane, næringslivet og ulike organisasjonar må utvise dersom ein skal få til ei betre framtid enn 2052-prognosen for verdsutviklinga over dei neste trettifire åra. Han vil også dele kva rolle kommunikasjon kan spele i å levere eit «konstruktivt svar på ei ruskete vermelding».

Maren Aas Nakken

Maren Aas Nakken

Å arbeide i ein ny marknad som utfordrar tradisjonelle vanar

Nye middagstenester har kome som ei kule dei siste åra. Ei av dei bedriftene som har opplevd enorm vekst i omsetninga på kort tid, er Godtlevert.no. Bedrifta beskriv sjølv veksten som eit hurtigtog som køyrer i 350 km/t medan dei tilsette heng på og skrur. Denne nye tenesta som utfordrar den norske daglegvaremarknaden, har skapt nye arbeidsplassar og gir plass til mindre aktørar innanfor matbransjen. Sjølv meiner selskapet at evna til rask omstilling og viljen til å investere har vore blant deira største suksessfaktorar.

Maren Aas Nakken arbeider som marknadssjef i Godtlevert.no. På Høstseminaret vil ho dele sine erfaringar om korleis det er å arbeide i ein heilt ny marknad som utfordrar nordmenns tradisjonelle handle- og matvanar.

  • Meld deg på her

Sponsorer og samarbeidspartnere

  • Sparebanken Møre
  • Retriever
  • Molte